Bykle fjellstyre
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bykle Fjellstyre forvaltar jakt, fiske, hytteutleige og båtutleige for Bykle statsallmenning. Fjellstyra si verksemd er heimla i fjellova. Det er kommunestyret som vel medlemer til fjellstyret, men dette er likevel eit frittståande organ med eigen økonomi.
I følgje fjellova skal fjellstyret arbeide for at statsalmenningen vert nytta på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og tek vare på naturvern- og friluftsinteressene.
- Medlemmer i 2015-2019
- Jan D. Dalen (leiar)
- Ingrid Kostveit (nestleiar)
- Tom Olav Trydal
- Pål Georg Ryningen
- Sven Are Svendsen