Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bygdespel på museumstunet
Frå Museumsdagen 9. august 2009.

Iveland og Vegusdal bygdemuseum ligg på garden Fjermedal like nord for Vatnestrøm. Det er eit friluftsmuseum med tradisjonelle bygningar frå Iveland og Vegusdal. Her kan ein sjå bustadhus, stolpehus, eldhus, løe, stall og kvernhus. Den eldste delen av Engeslandshuset er frå 1600-talet. Opprinneleg var museet eit privat gardsmuseum som Aslak Fjermedal etablerte på garden sin. Fem år etter at han døydde i 1969, gav familien museet og ei 10 mål stor tomt til Iveland og Vegusdal museumslag, som no eig anlegget. Det følgde og med pengar, 10.000 kr. etter Aslak, og 20.000 kr. frå broren Andreas Fjermedal. Kvart år skipar Iveland og Vegusdal museumslag til eit museumsstemne på museumstunet.

I området er det funne mange stokkebåtar, og ei av utstillingane i hovudbygget tek utgangspunkt i dette og syner samfunnet i jernalder og vikingtid, både med informasjon om samfunnet generelt, om kvinnene sin situasjon og om gravskikkar i denne tida. Andre utstillingar kan ha fokus på drakt og klede eller på generell bygdekultur.

Museet har også ei avdeling i kommunehuset på Birketveit der det er ei praktfull geologiutstilling basert på dei rike mineralforekomstane i Iveland. I denne avdelinga er det og utstilling om okkupasjonshistoria og om ivelandsdrakta.

Arrangement[rediger]

Kvart år vert Museumsdagen på Fjermedal arrangert på museet.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]