Engeslandshuset

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Engeslandshuset 2017.

Engeslandshuset er hovudbygget på Iveland og Vegusdal bygdemuseumFjermedal i Iveland. Den eldste delen er frå 1600-talet.

Huset har opphaveleg stått på Engesland i Vegusdal, ved Kvinartolla slik dei andre to gardshusa på Engesland gjorde. Då såg det ut som ei årestove. Det blei bygd på i fleire vender, og fekk til slutt utsjånad som eit typisk «Mandalshus». Slike hus var svært vanlege i både Iveland og Vegusdal og i store delar av Agder. Muséet fekk huset av Olav Hansen Aas på Engesland. Det blei rive i 1987, og sett opp igjen der det no står i 1989-1991 av byggmeister Audar Aasheim.

Fleire av romma i huset er møblerte på «gamlemåten».

Kjelder[rediger]