Ingebjørg K. Bø

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ingebjørg K. Bø
Ingebjørg K Bø.jpg
Født: 21. november 1906
Død: 1981 (alder 74–75)

Ingebjørg K. Bø (1906-1981) vart gift med Åsmund Olsson Bø i 1933. Dei budde på Nørdre Bø i Valle og fekk fem barn: Birgit Bø Uppstad, som vart buande i Valle, Olav Å. Bø, som gifta seg med Kari Skoe Bø frå Bø i Telemark og flytte til Notodden, Ketil Bø, som flytte til Trondheim, Gjermund Bø, som flytte til Kristiansand, og Sigrid Bø, som busette seg i Bø i Telemark.

Om Ingebjørg heiter det i Bygdebok for Valle, bind 3 side 177: «Ingebjørg fekk ved sida av anna arbeid og tid til ein god del husflidsarbeid; m. a. sauming av daleklede.»

Ingebjørg K. Bøs minnepremie er oppkalt etter henne. Den har blitt gjeven til beste utøvar uansett klasse på Setesdalskappleiken sidan 2004. Sjølv dansa Ingebjørg K. Bø gangar og fekk mange fine premiar for det på setesdalskappleikane.

Kjelder[rediger]

  • Alfred Ryningen: Bygdebok for Valle, bind 3 side 177
  • Informasjon i epost frå Ketil Bø 13. august 2011