Ketil Bø

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ketil BøSymbol unrelated.svg
Ketilb.jpg
Født: 20. mars 1940 (79 år)

Ketil Bø (fødd 20. mars 1940 i Valle) er administrerande direktør i Trollhetta AS, eit firma i Trondheim som driv med biletanalyse, kunstig intelligens og soft computing. I 2003 gav han Setesdal Spelemannslag 100.000 kroner for at laget kunne opprette Ingebjørg K. Bøs minnepremie til å gje til beste utøvar på Setesdalskappleiken. På denne måten ville han medvirke til at den kunne bli ein kappleik av høg kvalitet som kunne samle dei beste utøvarane frå heile landsdelen.

Utdanning og arbeid[rediger]

I utgangspunktet utdanna han seg til lærar ved lærarskulen i Kristiansand. Deretter var han i saniteten på Lahaugmoen i militæret før han i 1963 reiste til Kongo som FN-soldat. Då han kom heim, tok han vidareutdanning i gymnastikk. Deretter var han lærar i Finnmark og i Trondheim i fem år, før han begynte som forskar ved SINTEF. Samstundes tok han hovudfag i matematikk ved Den allmennvitenskapelige høgskole i Trondheim.

Eitt år som gjesteprofessor ved Southern Methodist University i Dallas, Texas var brotet i dei tolv åra han var forskar ved SINTEF før han i 1983 tok doktorgraden i informatikk ved Norges tekniske høgskole i 1983. Den handla om grafisk datahandsaming, tittelen var IGWS - integrated graphics workstation.

Ketil Bø er entreprenør og medentreprenør av sju dataverksemder, noko han har gjort ved sida av andre jobbar. Han var direktør for Stiftelsen for industriutvikling (SIU) frå 1982 til 1985. Han var førsteamanuensis i informatikk ved Den allmennvitenskapelige høgskole i to år frå 1991 og frå 1995 har han vore professor II i ei deltidsstilling ved NTNU.

Verv[rediger]

Han var med på å etablere Norsk Interessegruppe for Grafisk Databehandling (Norsigd) i 1974 og har vore med i styret i denne foreninga. Han var og med ved oppstarten av Eurographics. Han har delteke i fleire internasjonale standardiseringsgrupper og vore leiar for fleire internasjonale forskningsprosjekt. Han har og vore konsulent for ei rekke verksemder, både nasjonalt og internasjonalt og han har vore leiar for ei arbeidsgruppe under International Federation for Information Processing (IFIP).

Bibliografi[rediger]

Ketil Bø har skrive ei rekke bøker og gjeve ut bøker frå internasjonale konferansar. Han har og skrive ei rekke artiklar i nasjonale og internasjonale fagtidsskrift.

  • CIM - datamaskinintegrert produksjon Universitetsforlaget, 1989 - 166 s., ill., diagr., fig. - 30 cm. - Har litteraturliste og stikkordregister ISBN 82-00-03506-9
  • Computer applications in production and engineering. Proceedings of the Second International IFIP Conference on Computer Applications in Production and Engineering, CAPE '86, Copenhagen, Denmark, 20-23 May, 1986. Redaktør K. Bø ... [et al.]. - Amsterdam 1987 - xix, 954 s., [1] fold. pl. ill. - ISBN 0-444-70142-7
  • Informasjonsteknologi - DAK/DAP - Norsk fjernundervisning , 1986 - 80 s. : ill. - ISBN 82-90662-02-5
  • Eurographics 84 - proceedings of the European Graphics Conference and Exhibition, Copenhagen, Denmark, 12-14 September, 1984 - edited by Ketil Bö and Hugh A. Tucker. - Amsterdam 1984 - xiii, 439 s. : ill. - ISBN 0-444-87617-0
  • CAD systems framework - proceedings of the IFIP WG 5.2 Working Conference on CAD Systems Framework, Røros, Norway, 15-17 June 1982. Edited by K. Bø and F. M. Lillehagen. - Amsterdam 1983 - ix, 341 s., diagr., fig. - Har bibliografi. ISBN 0-444-86604-3
  • Grafisk databehandling saman med Sigmund Hov Moen. - 3. reviderte utgave. - [Trondheim] : Tapir , 1982 - X, 282 s., ill.; 4°. - 1.utgave 1975 ISBN 82-519-0481-1

Kjelde[rediger]

  • Fødselsdagsomtale i Aftenposten i høve 70-årsdagen 20. mars 2010

Eksterne lenker[rediger]