I Bykle eg rann or den grornæme grunnen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

I Bykle eg rann or den grornæme grunnen er ein bygdesong av Knut Gjerden. Melodien er Astrid, mi Astrid. Songen fekk 2. premie i ei tevling i april 1959. Den andre var I Bykle vil eg una.

Tekst

I Bykle eg rann or den grornæme grunnen
dogga av tårer frå auga til mor.
I kjærleik til jorda var farshjarta bunden.
Her var det væte og vermde og gror.
Her odla fedrane heimar og gard
nedgjennom ættene, son etter far.

Eldgamle kyrkja på haugen her helga
arbeid og slit gjennom tider og år.
Langskip og kor det er pynta og fjelga.
Høgtid og heilagdom gudshuset rår.
Rosor og bilete, krullar og krot
lyste og lyser dei søkjande mot.

Ragnar og Gunnar og Vivil hev rita
runor i berget frå utgamal tid.
Storhedderløyndomen gjev oss å vita
mangt bå' om liv og om tru og om strid.
Fjellvinden susar på sogemerkt grunn.
Nutane teier med attlaten munn.

Vidsveimde heiar og svalande lier
ligg som ein krans kringom liene her.
Mjukleik og villskap om makta dei strider
susar og brusar og dårar og dreg.
Syng seg så fagert i hugen min inn,
aldri eg gløymer at staden er min.

Gjev då me lever så signing kan kvile
som vern over mødrer og fedrar og born.
Så Bykle i framtida ljost kan få smile,
der dygder og dugleik hev gjevaste rom.
I vyrdnad mot ætter som kvarv i si grav
vårt beste me gjeve, so som dei det oss gav.

Kjelde