Hovden Kunsthandel
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hovden Kunsthandel er eit kunstgalleri og ein rammeverkstad i Hovden sentrum i Bykle. Innehavar er Kjetil Uleberg.
Historie
Verksemda starta som ein liten rammeverkstad, «Rammesjarmøren», rundt 2006. Interessa for innramming og kunst blei større etter kvart. Verkstaden overtok då nabolokala og innreidde galleri der ein kunne ha salsutstillingar av kunst og handverk. Mellom dei kunstnarane som har stilt ut verka sine er Ella Uleberg (Visjoner i glass, 2009), Mona Ida Håvorstad Frøysnes (måleri og grafikk, 2009), Per Ove Sødal (måleri og grafikk, 2010), Tove Krogh, Bjørn Aurebekk, Gru Suvatne, Erik Jedrum (2011), Jeannie Ozon Høydal (måleri og grafikk, 2014) og Ole Storm (måleri og grafikk, 2015).
Kjelder
- Ole Birger Lien, Klar for kunsthandel!, artikkel i Setesdølen nr. 95, 2016, side 5
- Om Hovden Kunsthandel på heimesida til verksemda