Hans Holene

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hans Holene
Født: 15. mai 1930
Død: 23. februar 2019 (88 år)

Hans Sigurd Holene (fødd 15. mai 1930, død 23. februar 2019) var opprinneleg frå Halden, men hadde budd på Evje sidan 1965. Han arbeidde på Evjemoen, først på Arsenalet, sidan som verkstadsjef på Fellesverkstedet, som stod ferdig i 1978.

Hans Holene var med i Evje og Hornnes kommunestyre for Høgre i to periodar, frå 1979 til 1983 og frå 1987 til 1991. Han hadde verv som medlem av kontrollutvalet og likningsnemnda, i forstandarskapet til Evje og Hornnes Sparebank, i IS Sentrum og i Evje Samvirkelag. Han var med i overformynderiet frå 1988 til 2013, dei fleste åra som overformyndar.

Hans Holene var også i mange år sterkt engasjert i frivillig arbeid i Otra IL, mellom anna som «bingosjef».

Hans Holene var enkemann. Han var gift med Allis Holene, som døydde i 2013. Dei hadde jentene Irene og Ingrid saman. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 8. mars 2019 klokka 13

Kjelder[rediger]