Hanny Podt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hanny PodtSymbol unrelated.svg
Født: 20. mars 1953 (66 år)

Hanny Podt (fødd 20. mars 1953) er sekretær på Valle vidaregåande skule og gullsmed. Ho er frå Nijverdal i Nederland og kom til Norge i februar 2005. Mannen hennar, Lex de Jong, kom i august 2004 som gullsmedlærar på Valle vidaregåande skule. Ho gjekk på norskopplæring på Valle Vaksenopplæring og tok Norsk Språktest 3, og etter kvart starta ho agenturverksemd for å selje varer frå Nederland. Då ho fekk jobben på vidaregåande skule, slutta ho med det.

I Nederland arbeidde ho som sekretær innan barnevern i 26 år. Ho er utdanna gullsmed frå Vakschool Schoonhoven, ei utdanning som tok fire år. Ho har og tre års utdanning innan personalarbeid frå Nederland.

Hanny og Lex bur på Flateland i Valle.