Hallvard G. Gjerden
Hallvard G. Gjerden | ||
---|---|---|
![]() | ||
Foto: Setesdølen
| ||
Født: | 20. juli 1939 | |
Død: | 20. oktober 2012 (73 år) |
Hallvard G. Gjerden (fødd 20. juli 1939, død 20. oktober 2012) budde i Bykle. Han var ugift og etterlet seg søskena Olav, Birgit, Sigrid, Olav, Torbjørg og Jorunn, svigersøsken og annan familie. Gravferda var frå Bykle nye kyrkje fredag 26. oktober 2012 klokka 11. Etter gravferda var det minnestund på Bykle Hotell.
I yngre år kjøpte Hallvard Gjerden traktor og tok på seg maskinoppdrag, men den lengste tida arbeidde han som søppelkjørar i kommunen. Han hadde ein periode som soldat i Gaza på 1960-talet, noko som gjorde at han var svært oppteken av Israel og Midt-Austen. Mest kjent vart han nok då han hevda at den nye kyrkja i Bykle var vendt mot Mekka, men han skreiv mange lesarbrev i Setesdølen om politikken i Bykle, om alkohol og villreinforvaltning og mange andre emne.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 84, 2012 side 2
- Sigurd Haugsgjerd: Ein fargeklatt i Bykle er borte. Minneord i Setesdølen nr. 84, 2012 side 6