Gunvor Lande

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunvor Lande
Gunvor Lande.jpg
Født: 17. mars 1937
Død: 26. september 2022 (85 år)

Gunvor Maria Traa Lande (fødd 17. mars 1937 i Ål i Hallingdal, død 26. september 2022) er ein teolog/prest, tidlegare misjonær og førsteamanuensis som budde på Lauvdal i Bygland kommune. Ho er cand. theol. frå Menighetsfakultetet frå 1965 og dr. theol. frå Universitetet i Lund frå 2002 med avhandlinga Visjonen om likeverdet: det økumeniske tiåret 1988-1998 - kyrkjer i solidaritet med kvinner i El Salvador og Noreg, Kenya og Japan. I 1965 reiste ho saman med mannen Aasulv Lande til Japan som misjonær og universitetslektor. Ho hadde teneste i Japan frå 1965 til 1980. Då ho kom heim att til Norge, arbeidde ho mellom anna ved Institutt for kristen oppseding og i Mellomkyrkjeleg råd. Frå 1993 var ho tilsett som førsteamanuensis i teologi ved Høgskolen i Agder. Ho vart ordinert til prest i 1987 og har tidvis gjort teneste som vikarprest i Setesdal.

Gunvor Lande var leiar for «Rådgjevande komité for kvinnespørsmål» i Det lutherske Verdsforbundet frå 1985 til 1992. Ho har og hatt mange tillitsverv i målrørsla.

Saman med mannen Aasulv har Gunvor tre born: Eivind, Anne og Liv.

Bibliografi

  • Visjonen om likeverdet: det økumeniske tiåret 1988-1998 - kyrkjer i solidaritet med kvinner i El Salvador og Noreg, Kenya og Japan Doktorgradsavhandling. Arcus forlag 2002 ISBN 91-88553-09-4
  • Ekteskap og samlivsformer: utgreiing ved eit utval sett ned av Bispemøtet (redaktør) IKO-forlaget 1989 ISBN 9788271122379
  • Kirkens familiepedagogiske ansvar: familien i forandring 2 (redaktør) IKO-forlaget (1987) ISBN 9788271122171
  • Skapande bibelarbeid IKO-forlaget. (1986). ISBN 9788271122164
  • Tverrkulturell oppfostring (redaktør) IKO-forlaget (1985) ISBN 9788271122065
  • Skjulte lys: misjon og kvinner saman med av Hilde Margrethe Voll og Sissel Hodne Steen. Luther forlag (1985) ISBN 9788253174242

Kjelder

Eksterne lenker