Gunnar Oseng
Gunnar Oseng![]() | ||
---|---|---|
Født: | 4. februar 1943 (82 år) |
Gunnar Oseng (fødd 4. februar 1943) er ein misjonær frå Hornnes. Han var misjonær i Etiopia frå 1970 til 1987, deretter misjonssekretær ved Norsk Luthersk Misjonssamband sitt hovudkontor i Oslo med ansvar for Sør-Amerika. Frå 1995 hadde han ansvar for Etiopia, så hadde han to års permisjon før han kom tilbake som misjonssekretær for Kenya/Tanzania fra august 2000 til hausten 2006.
Han er gift med Åshild Oseng. Dei busette seg i Oslo, der han også som pensjonist er oppteken med arbeid for misjonen, mellom anna som medhjelpar på gjenbruksbutikk og frivilligsentral. Framleis er han ute på møter for å informere om misjonsarbeidet. I fleire år har han vore tilbake på Hornnes i påska for å tale på det tradisjonsrike langfredagsmøtet på Hornnes bedehus, slik han også var 30. mars 2018.
Familie
Mor til Gunnar heitte Arna Austegard (f. Oseng, 1916). Foreldra hennar var Petter Andreas Oseng (f. 1889) og Randi Oseng (Rannei) (f. Breistøl, 1884). Rannei var dotter av Lars Nilsson Breistøl (f. 1846) og Anna Jensdotter Breistøl (f. 1861).
Kjelder
- Om Gunnar Oseng i nlm-leksikon
- Sigurd Haugsgjerd: Til langfredagsmøte i Hornnes. Artikkel i Setesdølen nr. 24, 2018 side 8
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 393–397
- Profilen til Arna Austegard på Geni.com