Gunnar Brottveit

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar BrottveitSymbol unrelated.svg
Født: 3. mai 1943 (81 år)

Gunnar Brottveit (fødd 3. mai 1943) var styrar på Coop Valle BA i 45 år. Han tok til i jobben i 1968 og hadde tenkt å slutte då Christer Helgesen overtok i 2011. Men ettersom han slutta etter kort tid, heldt Gunnar Brottveit på vidare også i 2012. I hans tid i butikken har det vore store endringar, både når det gjeld indre og ytre tilhøve. Ein har gått frå handel over disk til sjølvbetjening, vareutvalet er endra og butikken er bygd ut med eit stort lokale i den vestlege delen.

Utanom arbeidet i butikken er det særleg innan idrett Gunnar Brottveit har vore engasjert. Han har vore formann i Valle IL, og sjølv vore svært aktiv innan sykling, der han mellom anna sykla Odda-Bø-rittet 20 gonger, og langrenn, der han har gått Sesilåmi 32 gonger. Men han har og vore med i politisk arbeid og representerte Senterpartiet i kommunestyret i Valle. Han var og med i formannskapet og forliksrådet, og han var overformyndar i Valle.

Han er gift med Ingrid Brottveit, som også har arbeidd på Coop Valle. Dei budde i mange år i andre etasje på butikken, men bygde sidan hus i Leite i Valle.

Kjelder