Coop Prix Valle
(Omdirigert frå Coop Valle)
Coop Prix Valle er ein daglegvarebutikk i Valletunet, tett ved Riksveg 9, nær Valle sentrum. Butikken vart opna 6. desember 2018. Han avløyste Coop Marked Valle. Butikksjef er Odd Hallvard Aamli. Det er fire faste tilsette i forretninga, og innleigd ekstrahelp i høgsesongane.
Det er 420 kvadratmeter salsflate i butikken, og 650 kvadratmeter alt i alt inkludert lager. Coop Sørvest investerte rundt 14-15 millionar kroner da butikken blei bygd.
I 2024 hadde butikken ei omsetning på 21 milionar kroner, ein auke på 1,5 millionar frå året før.
Opningstider
- Mandag - fredag kl. 8-21
- Laurdag kl. 8-20
Kjelder
- Ole Birger Lien, Prix Valle opnar torsdag!, artikkel i Setesdølen nr. 90, 2018, side 4
- Sigurd Haugsgjerd, Coop Prix Valle]] har styrkt stillinga, artikkel i Setesdølen nr. 17, 2025, side 12