Gunnar Attestog

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunnar AttestogSymbol unrelated.svg
Født: 7. april 1928 (91 år)

Gunnar Attestog (fødd 7. april 1928) er tippoldebarn av eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande. Han bur på Jordalsbø i Bygland.

Gunnar arbeidde nokre år i Statens vegvesen sin hovudverkstad i Arendal. Etter det arbeidde han på verkstaden vegvesenet hadde i Valle. Dit pendla han i mange år, frå heimen i Jordalsbø.

Då Gunnar vart pensjonist, tok han til å bygge feler. Han er blitt kjent som ein flink felebyggjar. Han har også drive med laftebygging og anna tømmermannsarbeid. Størstedelen av tømmermannsarbeidet på huset heime i Jordalsbø har han gjort sjølv.

Kjelder[rediger]