Gruveblikk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gruveblikk med nye infoskilt om Nygruva 27. desember 2025.

Gruveblikk er dagsturhytta i Evje og Hornnes. Ho står ved Nygruva ved Flåt nikkelgruve, og blei offisielt opna 12. november 2023. Evje og Hornnes kommune eig hytta. Det vil bli inngått drifts-/tilsynsavtale for hytta med lag/foreiningar i kommunnen. Bygget er teikna av Feste Landskap/Arkitektur og bygd av HL Bygg.

Det går køyreveg fram til Flåt nikkelgruve. Der er det parkeringsplass. Opp til dagsturhytta derfrå er det 400–500 meter. Det er mogeleg å kome opp til hytta med elektrisk rullestol m.v.

Samarbeidsprosjekt

Hytta er del av eit større samarbeidsprosjekt, Dagsturhytta Agder, der Agder fylkeskommune, Sparebankstiftelsen SR-bank, kommunane i Agder og frivilligheita er med. Spelemidlar frå Norsk Tipping er òg ein del av finansieringa.

Historie

Hytta blei sett opp hausten 2023. Ho fekk namnet Gruveblikk etter ein namnekonkurranse som kommunen arrangerte.

Kjelder

  • Oppslag ved inngangen til hytta, sett opp av Dagsturhytta Agder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...