Grimestrond terskel

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Grimestrond terskel er ein betongterskel i Otra ved Homme i Valle. Høgda er ca. 1,2 m. Lengda er 75 m. Terskelen er bygt som eit avbøtande miljøtiltak i samband med kraftutbygginga i Otra. Vasspegelen ovanfor terskelen strekker seg om lag 400 meter nordover i elva, til Einangsmoen terskel. Otra Kraft eig innretninga.

Kjelder

  • Terskelbasseng i Valle. Vurdering av muligheter for uttapping/senking av vannstanden, notat Otteraaens Brugseierforening, dagsett 16. juni 2021

Kart