Gråskimmelsopp

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gråskimmelsopp på jordbær
Foto: Wikimedia commons

Gråskimmelsopp (botrytis cincera) er ein sopp som er mest kjent for å angripe druer, men den går på mange andre planter. Soppen sprer seg med vind og regn og trivst best i fuktig luft. Soppen kan overleve i jorda i mange år, og angrip mjuke frukter som jordbær og tomatar. Mens druer kan nyttast til vin også etter angrep, er jordbæra ikkje etande, dei får ei grå hinne utanpå bæret. For å unngå angrep på jordbær blir det anbefalt å ha god avstand mellom plantene for å få god luftning og hindre at dogg og fukt blir verande på planten. Soppen er resistent mot dei fleste sprøytemiddel.

Sommaren 2016 vart mange jordbæråkrar på Sørlandet angripne av gråskimmelsopp. På Tveit ved Kristiansand mista jordbærbonden Karl Yngve Kristiansen ei avling på 120 tonn jordbær, 95% av avlinga gjekk tapt. Bama rekna med at 40% av jordbærproduksjonen gjekk tapt dette året.

I Setesdal var det i 2016 to store jordbærprodusentar. Arne HolskogHelle rekna med at 10-15% av avlinga vart råka og brukte 10-15 dagsverk på å renske ut jordbær som hadde blitt smitta. I Steinar Bjellås sine jordbæråkrar på Hornnes var 10% av avlinga råka av soppen. Bjellås sa til Setesdølen at soppsporen brukar 11 timar på å bli kjønnsmoden og om han turkar opp før den tid, spreier han ikkje smitte. Det er grunnen til at han har god avstand mellom plantene.

Kjelder