Gjetarhytta Bjåen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjetarhytta 12. mai 2018.

Gjetarhytta Bjåen (Lappehytta) var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle. Her budde dei siste reinsdyrgjetarane. Hytta er i sinklaft. Ho står enno ved nordre enden av Breidvatn, på veg inn mot busetnaden på Bjåen. Ho blei først sett opp i Breive, austafor gardsbruket Flaten. Tidleg på 1950-talet blei ho flytt til Bjåen. Ei opphaveleg gjetarhytte som var i bruk den første tida er flytta til Nipadalen.

Kjelder