Gautestadtradisjonen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gautestadtradisjonen i folkemusikken er ein spesiell måte (ei form) å spele slåttar på. Opphavet er spelemenn som levde på Gautestad i Evje. Den mest kjende utøvaren er Gunnulf Gunnarson Gautestad (f. 1825, d. 1888).

Gløymd, men attfunne

Det folkelege felespelet i Gautestadtradisjonen blei utover på 1900-talet av ulike grunnar på det næraste gløymd. Vidar Lande har gjort eit stort arbeid med å «rekonstruere» tradisjonen i det store bokverket sitt om folkemusikk i Evje og Hornnes (2024).[1] I følge Lande utgjer det totale, dokumenterte slåttestoffet som i dag finst i Gautestadtradisjonen 10 slåttar.[2] I tillegg kjem nokre fleire som truleg tilhøyrer tradisjonen eller som har tilknyting til han.

Referansar

  1. Vidar Lande, Mellom aust og vest. Folkemusikk i Evje og Hornnes, utgeve av Vidar Lande i samarbeid md Evje og Hornnes Sogelag, 2024
  2. Lande, side 138–151