Hopp til innhald

Gaupestein

Frå Setesdalswiki

Gaupestein var ein husmannsplass oppe i lia under Haugelandsfjødd under gardsbruket Der heime (bnr. 1) på Nomeland i Hylestad. Jon Neresson Nomeland (f. 1814, d. 1880) rydda plassen. Han var gift med Anlaug Ånundsdotter Såghus (f. 1816, d. 1863) frå Jordalsbø.

Jon og Anlaug og borna var ein tur til Amerika rundt 1853. Men dei kom attende. Begge to blei verande i Gaupestein til dei døydde.

Kjelder