Frøysnesodden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Frøysnesodden og Kilefjorden.
Frøysnesodden med gjestgiveriet slik det ser ut i dag.
Foto: Geir Daasvatn

Frøysnesodden er ein liten odde som stikk ut i Kilefjorden ved Kile i Hægeland i Vennesla.

Historie

Frøysnesodden var den sørlegaste stasjonen for Bjoren, som gjekk på Kilefjorden mellom Kile og Hornnes frå 1867 til Setesdalsbanen blei opna i 1896. Det var også her på Kile båten blei sett saman og sjøsett, etter å ha kome «prefabrikert» frå Akers mekaniske verkstad i Oslo. Etter 1896 blei Bjoren flytta opp til Byglandsfjorden.

Kapteinen på Bjoren, Mikal Godtfredsen (f. 1819), budde på Frøysnesodden saman med kona. Staden blei drive som eit vidgjete gjestgiveri. Husa står på odden den dag i dag. Mange etterkomarar etter kaptein Godtfredsen og «Mor» Godtfredsen lever på Hægeland og lenger oppover i Otra-dalføret.

Kjelder

Kart

Laster kart...