Frøysnes brygge
Hopp til navigering
Hopp til søk
Frøysnes brygge var ei dampskipsbrygge sør på Frøysnes, like før det første huset i garden. Ho blei bygd i 1869. Det var dampbåtane Dølen og Bjoren som nytta brygga. Den første brygga blei utbetra rundt 1905, som følge av oppdemminga av Byglandsfjorden. Det skjedde også ei større utbetring i 1912.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, 2006, side 19–20
- Leonhard Jansen (red.), Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 233 øverst