Faremosteinen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Faremosteinen er ein bauta som Setesdal Spelemannslag sette opp på Rysstad i 1957.
Steinen stod der stova til den vidgjetne spelemannen Tarjei Faremo hadde stått. Slik ville dei markere tradisjonen som slåttespelet i Setesdal står i.
11. mai 2010 vart steinen etter vedtak i Setesdals Spelemannslag flytt frå Rysstad til Bjugsbakk og plassert utanfor Setesdalsmuseet. Tanken var at der kom bautaen betre til sin rett i ein større kulturell samanheng.
Hotelleigar Trygve Rysstad meinte det var vandalisme å flytje steinen, i alle år har den vore eit viktig innslag i opplevinga turistar som budde på Rysstad Feriesenter kunne få, og han trudde ikkje fleire ville sjå steinen når den no vart sett opp ved Setesdalsmuseet.
Kjelde
- Ole Birger Lien: -Dette er beit fram vandalisme! Artikkel i Setesdølen 14. mai 2010 side 3.