Førrevassdammen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Førrevassdammen er ein betongdam med flomoverlaup, og er ein av fjorten dammar som demmer opp den kunstige innsjøen Blåsjø på grensa mellom Suldal og Hjelmeland i Rogaland og Bykle i Agder. Dammen strekker seg over Førrejuvet, og regulerer Førreåna. Grensa mellom Suldal og Hjelmeland går i Førrejuvet, og demninga ligg såleis i begge kommunane.

Førrevassdammen er om lag 1 300 m lang. Med eit volum på om lag 255 000 m³ er det den største betongdammen i Norge. Dammen fekk i 1989 æresprisen «Betongtavlen».

Kjelder

Kart