Gunnar D. Ose

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunnar D. OseSymbol unrelated.svg
Født: 23. oktober 1949 (69 år)

Gunnar D. Ose (fødd 23. oktober 1949) var den siste rektoren på Bygland skogskule, der han var lærar i mange år før han vart rektor. Då skulen vart nedlagt, fekk han arbeid som leiar av oppfølgingstenesta i Aust-Agder. Han gav slektsgardenOse over til sonen Dreng Ose og flytte sjølv til Tvedestrand. Men han er framleis engasjert i det sosiale livet på Ose og bur i kårbustad når han er heime.

I ein periode var Gunnar D. Ose med i Bygland kommunestyre. I den tida var han og leiar av bygningsrådet og med i forhandlingsutvalet i kommunen. Han var og leiar i Bygland Bondelag.

Foreldra til Gunnar var spelemannen Dreng Ose og Turid B. Ose (fødd Heistad).

Kjelder[rediger]