Damvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Det siste stykket av Damvegen fram mot dammen over Otra.
Foto: Geir Daasvatn
Damvegen er eit lite vegstykke mellom Moseid og Senum nord-vest i Evje og Hornnes kommune. Vegen startar frå Fv-304 (Senumsvegen) noko sør for tråvbanen og går i sør-austleg retning fram til vestsida av reguleringsdammen for Byglandsfjorden nord for Syrtveitsfossen i Otra. Frå enden av vegen er det mogeleg å gå vidare over dammen til austsida av Otra.
Kjelder
- Vedtak i Evje og Hornnes kommunestyre 24. oktober 2013 om offisielle vegadresser i kommunen