Syrtveitsfossen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Syrtveitsfossen i Otra, Evje og Hornnes kommune, rett sør for Byglandsfjord.
Foto: Geir Daasvatn
Syrtveitsfossen er ein foss i Otra, ved Syrtveit i Evje og Hornnes kommune, rett sør for Byglandsfjord. Fallhøgda er 8,5 m. Ved fossen er det svære flotingsmurar, som var i bruk i den tida tømmeret frå Setesdal vart frakta ut av dalen på elva. I dag er fossen mykje brukt til rafting og annan ekstremsport, mellom anna av TrollAktiv.