Byklum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bykle kyrkjebygd med Byklum midt i biletet 25. juni 2016.

Byklum er ein gard (gnr. 14) og den sentrale garden i Kyrkjebygdi i Bykle. Truleg er garden også den eldste i bygda, som alle dei andre har utgangspunktet sitt i. At det må vere slik skjønar ein både av at garden vart kyrkjestad, og dermed gav namn åt kyrkjesoknet, og av at han på 1600-talet framleis hadde den langt høgste landskylda i bygda.

Historie[rediger]

Mugg Byklum skal etter segna ha vore rudkallen på Byklum. Mange stadnamn i garden har namn etter han. På bruket Innistog står også det kjende Muggsloptet frå mellomalderen. Men Byklum er tvillaust ein mykje gamal gard, rydda lenge før mellomalderen. Kanskje blei han rydda så tidleg som i bronsealder eller yngre steinalder. At Mugg Byklum er rydningsmannen er såleis meir enn tvilsamt.

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.