Bykilsmoen (Bykle gnr 13 bnr 8)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykilsmoen
Foto: Siri Johannessen, 2023

Bykilsmoen er ein eigedom (gnr. 13 bnr. 8) på Bykilsmoen, ved nordenden av Bykil, i Bykle, søraust for den noko eldre plassen Sollid. Staden har nokre gongar og vore kalla både Sollidmoen og Moen. Bygdebokforfattar Aanund Olsnes fortel at dei som ættar herifrå tok namnet Moen, etter plassen. Det er mogleg at staden først var ein heimestøyl for Evre Mosdøl, bnr 3 i eldre tider.

Frå om lag 1869-70 vart han teken i bruk som husmannsplass, og dei første som slo seg ned her var Vetle Knutsson Nesland og familien hans. Vetle (1816-1875) var fødd i Systog Nesland i Nordbygdi, og kona Åsne Torleivsdtotter Trydal (1820-1898) kom frå Nordstog Trydal. Dei fekk fire born, og etter at mannen døydde budde sonen Knut Vetleson Mosdøl og kona Birgit Gunnarsdotter Nesland samen med enkja. Folkjeteljinga for 1891 syner at det då ikkje var folk busett på Bykilsmoen.

I 1892 flytta Olav Kjetilsson Berdalen (1862-1902) og kona Tone Olavsdotter Gjerden (1867-1939) hit. Han kom frå Berdalen Der nede og ho var fødd på Åsdokk i Trydal. Båe hadde arbeidd utanfor dalen eit bel, før dei kom attende og slo seg ned her. Olav måtte arbeide for andre for å få nok å leve av, bruket var for lite i seg sjølv. Det var gardsarbeid om sommaren og hausten, i vedskog, køyring og rjupefangst om vinteren. Dei skal ha overteke Bykilsmoen av Torleiv Ånundsson Mosdøl ein gong mellom 1894 og 97, men handelen vart ikkje tinglyst så meir er ikke kjend om den handelen.

Olav døydde ung, tæringa tok han, og det var truleg tungt for Tone - av dei fem borna måtte ho sette bort tre. Yngstedotteri Anne og eldstesonen Knut blei buande hos henne. Året då faren døydde vart Anne (1902-1913) fødd, og tok Kjetil til å køyre lass for Bykle Hotell. Då var han 13 år gamal, turane gjekk til Valle og nokre gongar heilt til Byglandsfjord. Samstundes skal han ha sytt for at systeri Anne kom seg på skulen, ho var lam så han bar henne truleg på ryggen eller drog henne på kjelke.

Kjetil Olavsson Moen (1889-1970) tok over Bykilsmoen same året han vigde med Anlaug Eivindsdotter Sanden (1897-1918) frå Sanden, og dei fekk sonen Olav. Berre ein snau månad etter at han vart fødd tok lungebetennelsen Anlaug. Enkjemannen med eit lite born gifta seg opp att i oktober året etter med Birgit Pålsdotter Røysland (1900-1970). Ho kom frå Odden Røysland i Valle. Birgit og Kjetil fekk ti born, og den nest eldste sonen Pål (1923-1993) tok over den vesle garden i 1967. Heller ikkje for Kjetil gav bruket nok, han reiste og ut som veg- og anleggsarbeidar. Ein gong mellom 1945 og 1950 kaupte han noko utmark som lå innåt Bykilsmoen frå Evre Mosdøl, teigen står skrive som Moen i matrikkelen, med bnr 12.

Pål gifte seg med Sina Helene Bauge frå Skånevik, og dei busette seg i Bø i Telemark, dei fekk dotteri Lillian i 1961. Då Øvre Otra starta planlegginga for å byggja ut Bykil selde Pål damrettar til dei, men fekk behalde bruket når det ikkje vart noko av utbygginga. Etter 1970 har det ikkje budd nokon her fast, bruket har vore utleigt eller bruka som fritidseigedom. I 2023 er det to bygg att på Bykilsmoen, stoga og hjartehuset. Fjos og løe er borte.

Kjelder

Kart