Byglandsfjord oppvekstsenter
Hopp til navigering
Hopp til søk
Byglandsfjord oppvekstsenter i 2017. Den næraste fløyen med to skulerom vart sett opp på dugnad av foreldra etter brannen i 1967. Årdalshallen til venstre, innvigd i 2006, SFO i midten og barnehagen på baksida.
Foto: Reidar Tveito
Byglandsfjord oppvekstsenter er det eine av to kommunale oppvekstsentra i Bygland kommune, og består av Byglandsfjord skule (1. - 7. klasse), Byglandsfjord barnehage og skulefritidsordning (SFO). Skulen og barnehagen ligg i same bygg, på austsida av Riksveg 9, ved nordre enden av Vassendkilen. Same stad ligg Årdalshallen.