Byglandsfjord barnehage

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Byglandsfjord barnehage 1. mai 2017.

Byglandsfjord barnehage ligg på Byglandsfjord, og er frå 1. januar 2004 ein del av Byglandsfjord oppvekstsenter saman med Byglandsfjord skule og SFO. Barnehagen blei bygd i 1997, som eit tilbygg til skulen. Barnehagen har to avdelingar; ei 0-3 års-avdeling (Rumpetroll) og ei 3-6 årsavdeling (Frosk).

Barnehagen har store, opne lokaler og eit fint uteareal som er delt med skulen. Det er skog og fin natur rett i nærleiken. Årdalshallen er næraste nabo, og blir brukt til både kulturelle og fysiske aktivitetar.

Styrar er Siw Homme.

Kjelder

Kart

Laster kart...