Byglandsfjord Træskofabrik

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygget til venstre var opphaveleg Byglandsfjord Træskofabrik. Til høgre var eit beredskapslager for korn, og heilt til høgre litt av Setesdal Mylle og Frørenseri. I bakgrunnen Byglandsfjord Dampsag.

Byglandsfjord Træskofabrik var ei industribedrift på Byglandsfjord. Firmaet vart etablert 20. juli 1918 med disponent Hartvig Gabriel Lund som styreleiar. Med seg i styret hadde han handelsbestyrer Ravnaas, Iveland, Olav O. Øvrebø og Nils Syvertsen. Varamenn var Olaf Frøisaa, Iveland og kaptein Thv. Hultmann. Aksjekapitalen var 40.000 kroner og planen var å begynne drifta same hausten.

Bedrifta vart lagd ned i 1921.

Galleri

Kilder