Hartvig Gabriel Lund

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hartvig Gabriel Lund
Hartvig Georg Lund.jpg
Født: 23. desember 1883
Død: 14. juli 1961 (77 år)

Hartvig Gabriel Lund (fødd 23. desember 1883, død 14. juli 1961) var disponent på Byglandsfjord Dampsag og Høvleri. Han kom til Byglandsfjord i 1898 som bokhaldar og kasserar etter å ha teke middelskole i Kristiansand, der han var frå, og så arbeidd ei tid som kontorhjelp på sagbruket til Otto Lømsland i Ålefjær. Etter ti år ville disponent Guttorm A.Vennesland ha sin kasserar til å overta som disponent. Ikkje alle var enige i det, men Vennesland fekk viljen sin, og H. G. Lund tok til som disponent 1. april 1908. Ved 50-årsjubileet for Dampsaga i 1948 hadde Lund vore disponent i 40 år og altså vore tilsett ved bedrifta i 50 år. Han var og med i styret for andre bedrifter, mellom anna var han formann og varaformann i representantskapet for Sørlandets Creditbank og i Otteråens fællesforeningsstyre, samt styreleiar for Byglandsfjord Træskofabrik.

Familie

Foreldrene var skipskaptein Gabriel Joachim Lund og kona Rachel Cathrine Lund, fødd Barth. Han hadde ei søster, Elise Valen. Han er gravlagd på Årdal kyrkjegard.

Kjelder