Bygland Næringslag
Hopp til navigering
Hopp til søk

Bygland Næringslag er ei interesseforening for private næringsdrivande i Bygland. Laget har 30–40 medlemsbedrifter pr. januar 2023.
I styret sit: Rune Steen Moen, Beate Simonstad, Camilla Josefine Høibraaten, Torbjørn D. Frøysnes, Olav Grendstad og Olav Skeie.
Foreninga ønsker mellom anna å:
- etablere seg som talerøyr for næringslivet i Bygland
- bli høyringspart overfor offentleg forvaltning
- undersøking om kva utfordringar og ynskjer det lokale næringslivet har
- etablere faglege og sosiale arenaer og gjennomføre aktivitetar i heile kommunen
- etablere kontakt med andre regionale næringslag
- gjere seg synleg og tilgjengeleg på nett
- verve medlemar
Bygland Næringslag blei skipa på eit møte på Bygland frivilligsentral 9. juni 2022.
Kjelder
- Pressemelding sendt ut etter skipingsmøtet 9. juni 2022
- Sigurd Haugsgjerd, – Likar å sjå at folk lukkast, intervju med leiaren Rune Steen Moen i Setesdølen nr. 10, 2023, side 4