Nordlek 2024

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Festtoget i Arendal sentrum 20. juli 2024.
Folkedans på Kanalplassen laurdag 20. juli 2024.
Foto: Geir Daasvatn

Nordlek 2024 blei arrangert i Arendal frå 16. juli 2024 til 21. juli 2024. Nordlek er ein nordisk folkedans- og folkemusikkfestival som blir arrangert kvart tredje år på rundgang mellom dei fire største landa i Norden. Sist festivalen var i Noreg var i Steinkjer i 2012. Mellom 2 000 og 2 500 dansarar og musikarar frå Grønland i vest til Finland i aust deltok på festivalen.

Laurdag 20. juli 2024 var det festtog (stemnetog) gjennom sentrum i Arendal. Alle deltakarane hadde på seg bunad, folkedrakt eller andre fine klede og marsjerte gjennom byen med flagg, musikk, song og dans. Festtoget blei etterkvart til eit brudefølgje frå Setesdal som endte opp i eit tradisjonelt Setesdalsbryllaup på Kanalplassen med song, musikk og dans m.v.

Kjelder