Brua over Oddebekken

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tidlegare jarnbanebru, nå riksvegbru over OddeånaEvje.

Brua over Oddebekken er ei lita bru på riksveg 9, så lita at ein snaut legg merke til den, sett frå bilen. Men om ein fylgjer den nye sykkel og gangvegen som går under riksvegen ved Evje barneskule, så vert den flotte steinkvelvbrua godt synleg.

Eigentleg går riksvegen på to parallelle bruer, der den vestre delen opphaveleg var ei bru for Setesdalsbanen. Denne vart sjølvsagt for smal for kompensasjonsvegen for banen. Den nye vegen skulle fylgje det tidlegare jarnbanesporet framom Evje etter 1967. Ein ny del i betong vart støypt inntil den gamle brua, og dette har fungert bra sidan. Etter at gangvegen her fekk si eiga bru over Oddebekken i 2012, kom den gamle steinbrua til synes att.

Statens Vegvesen i Aust-Agder nyttar namnet Beintsbekken på denne brua. Utvidinga gjekk føre seg i 1966, og lengda på brua er 6,3 meter.

Sjå også[rediger]

Oddeåna