Bergtor Haugå

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bergtor HaugåSymbol unrelated.svg
Født: 1967 (alder 51–52)

Bergtor Haugå (fødd 1967) er gründeren som står for etableringa av Ose Water. Han er frå Jordalsbø i Bygland og har utdanning innan elektronikk og oljeteknologi. Etter å ha arbeidd i Aker MH, fekk han jobb som sjef for Sense Technologies i Singapore. Selskapet dreiv med kranar og oljeboringseutstyr, men vart sidan overteke av Cameron.

Etter at han hadde gifta seg med Raynie frå Indonesia, budde dei ei tid på garden han har i Jordalsbø, men flytta så tilbake til Singapore, der han har budd sidan 2002. I Jordalsbø bygde han saman med naboane Jakob Jørgen Saaghus, Olav Skreland, Olav O. Sandnes og Tor Sigmund Lidi småkraftverket Nordåni kraftverk, som opna 30. mai 2006.

På Setesdalskonferansen 2017 presenterte han bakgrunnen for Ose Water.

Kjelder[rediger]