Olav O. Sandnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav O. Sandnes
Født: 23. mai 1934
Død: 29. mai 2011 (77 år)

Olav O. Sandnes (fødd 23. mai 1934, død 29. mai 2011 på Sørlandet Sykehus Kristiansand) budde i Jordalsbø. Han etterlet seg kona Tordis Sandnes og barna Olav, Torkjel, Ivar, Arne og Astrid, samt svigerbarn, barnebarn og oldebarn. Gravferda var frå Bygland kyrkje tysdag 7. juni 2011 kl. 12. I staden for blomar ynskte ein heller ei gåve til Lungeavdelinga ved SSK.

Han vaks opp i Jordalsbø og budde der heile livet. Olav O. Sandnes dreiv med sauer og var blant dei fyrste som skaffa seg maskinelt landbruksutstyr. Dette farta han bygda rundt med som maskinentreprenør i onnene. Etter kvart fekk han og mange oppdrag for kommunen. I godt vaksen alder fekk han fast jobb i vegvesenet. Han var og medeigar i småkraftverket i Jordalsbø.

Kjelder[rediger]