Asbjørn Kjetsaa

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Asbjørn KjetsaaSymbol unrelated.svg
Født: 2. september 1927 (91 år)

Asbjørn Kjetsaa (fødd 2. september 1927) er bonde på Kjetså i Evje og Hornnes kommune. Han har og vore samfunnesengasjert og aktiv i Evje og Hornnes Senterparti. Han starta i kommunepolitikken i Hornnes i 1965 og var varaordførar den siste perioden før samanslåinga i 1960. Deretter heldt han fram i det nye Evje og Hornnes kommunestyre til 1975, til saman 20 år i kommunestyre og formannskap. I 1980 kom han att, då vart han ordførar som resultat av borgarleg samarbeid. Notto Rosseland frå KrF var varaordførar den perioden.

I tillegg til verv som medlem av Evje og Hornnes kommunestyre var han både domsmann og takstmann, med i representantskapet i Evje og Hornnes Sparebank. Han sat i 38 år i likningsnemnda. Han var og leiar i Evje og Hornnes Senterparti i ti år.

Heder[rediger]

  • Hedersnål frå Aust-Agder Senterparti for langvarig innsats på fylkesplan.

Kjelde[rediger]