Artillerivegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Artillerivegen med den gamle offisersmessa til venstre i bakgrunnen.
Foto: Geir Daasvatn
Artillerivegen er ein lang veg inne på Evjemoen i Evje og Hornnes. Han tek til frå Infanterivegen. Først går han eit par hundre meter vestover mot Otra. Så bøyger vegen av mot sør og fortset forbi den gamle offisersmessa og den tidlegare sjukestova, før han endar i Transportvegen i området der Evjemoen Næringspark i dag har hovudkvarteret sitt.