Arne T. Aabø
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Arne T. Aabø | ||
|---|---|---|
| Født: | 23. juli 1944 (81 år) | |
Arne T. Aabø (fødd 23. juli 1944) var kultur- og oppvekstsjef i Tokke fram til han pensjonerte seg i 2006. Han kom til kommunen som lærar på 1970-talet, i 1994 vart han kultursjef. Før han kom til Tokke, var han og lærar i Valle.
Han er kjent som en dyktig kåsør og ein talar som er lett å be, som domar i felespel, han var varaordfører i to år. Han er og glad i skriving og har skrive ei rekke artiklar i Årbok for Telemark, Jol i Setesdal og Jol i Telemark gjennom 20 år. Han har og skrive historia om idrettslaget Teledølen i Lårdal og om skulane i Tokke i tillegg til boka Grytestølsmeden (2006).
Han er og aktiv spelemann og har delteke på langt over hundre kappleikar. Han har fått 2. premie i hardingfele kl. B på 11 landskappleikar.
Heder
- «Tarjei Tvigyvas minnepokal for særmerkt vesttelemarkspel» til odel og eige på Spelemannslaget Sullargutens jolekappleik i 1993 etter å ha fått napp i den både i 1986 og 1987.
- Tokke kommune sin kulturpris 2008
Artiklar
- Soga om Sina og Kjetil Ulvsmyr - ei sannsoge frå Telemark og Agder. Artikkel i Agder Historielag Årsskrift nr. 62 (1986) side 80–82
- Meisterspelemannen Olav Heggland – møte og minne. Artikkel i Jol i Setesdal 2021 side 14–17
Kjelder
- Artikkel om Arne T. Aabø i Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg 2 1996 side 77 ISBN 82-90723-18-0