Arne Skare

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Arne SkareSymbol unrelated.svg
Født: 18. april 1974 (46 år)

Arne Emil Skare (fødd 18. april 1974) var sokneprest i Valle prestegjeld frå august 2007. Dette var første soknepreststillinga hans etter at han hadde avslutta studiar på Menighetsfakultetet i 2006. Før han begynte på prestestudiet, hadde han mellom anna hatt teneste som FN-soldat i Libanon. Som følgje av hendingar som førte til tiltale og dom, vart han teken ut av teneste, og då dommen var rettskraftig, mista han stillinga. Etter at han i januar 2011 hadde sona dommen på 30 dagars fengsel, fekk han hausten 2011 eit vikariat som prostiprest i Finnmark.

Han kom til Valle som sokneprest etter Theis Salvesen. Ettersom han var sjukemeld og ute av tenesta i fleire periodar, var fleire prestar inne som vikarar før Terje Seilskjær vart tilsett som ny sokneprest i 2011.

Hendingar som førte til tiltale og dom[rediger]

I august 2008 melde han to anonyme trusselbrev han hadde fått til politiet. I april 2009 fann han eit bilete av seg sjølv spidda til nakkestøtta i bilen med kniv. Etter dette arrangerte bygda ein støttemarsj for han. Då han i juni same året skulle til Bykle i konfirmasjon, svikta bremsene og bilen kjørte av vegen. Bremseslangane var kutta av. Politiet etterforska saka og kom til at han sjølv stod bak desse hendingane. Han vart dømd til 30 dagars fengsel.

Eksterne lenker[rediger]