Apleknodden (husmannsplass)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Apleknodden var ein husmannsplass på eit lite nes, Apleknodden, som stikk ut i Byglandsfjorden rett nord for Bøåni i Bygland. Det budde folk på plassen heilt til sist 1980-talet. Plassen vart aldri frikjøpt. Formelt var dette difor den siste husmannsplassen i Årdal sokn.

Historie[rediger]

Plassen høyrde til bnr. 3 på Bø. Han skal ha blitt rydda rundt 1857. Første plassmannen var Andres Salveson (f. 1821, d. 1888). Han var gift med Gunvor Persdotter (f. 1817), Evje. Då Andres døydde, fall plassen tilbake til hovudbruket.

Olav Eilivson Dale (f. 1867, d. 1927) slo seg ned i Apleknodden i 1906. Han var gift med Anne Olavsdotter Skomedal. Olav kom frå Bekkjerus på Dale. Han og Anne fekk ti born saman. Sju vaks opp: Eiliv, Åsulv, Olav, Sigurd, Siri, Anne og Liv. Siri blei gift med Jørund Telleivson Bø (f. 1869 - d. 1947). Eitt av borna deira var folkeminnegranskaren Olav Bø.

Kjelder[rediger]