Anne Helle Hagen
Anne Helle Hagen![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 1973 (alder 51–52) |
Anne Helle Hagen (fødd 1973) er hjelpepleiar i Valle kommune og arbeider på Valle Bygdeheim. Ho stod på KrF-lista i Valle 2011. I perioden frå 2007 var ho vararepresentant til kommunestyret i Valle. Anne er frå 2015 gift med Kjell-Einar Kana. Dei er busett dels på Aurdal i Valdres og dels på Helle i Setesdal.
Anne Helle Hagen spelar hardingfele. Ho starta med fiolin og bratsj, men gjekk over til hardingfele og fekk gå i lære hjå Torleiv H. Bjørgum, sidan gjekk ho hjå Hallvard T. Bjørgum og hjå Marton Laksesvela. Det er særleg religiøse folketonar og stevtonar, skulesongar og folkesongar ho spelar, ofte saman med Tone Å. Rysstad og Tora Åkre Lund, som syng. Ofte er det på aldersheimar eller i kyrkjer dei spelar. Ho har og spelt inn songar for Agder Folkemusikkarkiv. Når det høver slik, likar ho å lese opp dikt og songar og har gjort det ved fleire høve.
Anne var frå 2015 til 2020 ein av fire administratorar på Facebook-sida Setesdalnytt.