Ane Gunhild Uleberg
Ane Gunhild Uleberg | ||
---|---|---|
Ane Uleberg på Slengen i Valle | ||
Født: | 26. april 1981 (43 år) |
Ane Gunhild Uleberg (fødd 26. april 1981) vaks opp på Uleberg i Dåsvassdalen og gjekk på Hornnes vidaregåande skule, der ho var ferdig i 2000. Deretter studerte ho på NTNU i seks år. I studietida var ho knytta til studentmagasinet Under Dusken som teiknar.
Ho er arkitekt frå 2007. Frå januar 2008 til 2013 var ho tilsett som arkitekt i arkitektfirmaet Eliassen og Lambertz-Nilssen Arkitekter AS. Men frå 2013 er ho tilsett som bygningsvernar på Bygningsvernsenteret i Aust-Agder. Setesdalsmuseet er kontorstaden hennar, men ho fartar mykje rundt i dalen for å gje råd om bygningsvern til kommunar og private. Som første oppgåve vil ho leie arbeidet med å restaurere husmannsplassen Slengen på Rygnestad.
I Oslo spelte ho håndball for Grüner Håndball og tilbake på Evje har ho funne sin plass på håndballaget til Otra IL
Kjelder
- Ole Birger Lien: Bygningsvernar på plass. Artikkel i Setesdølen nr. 97, 2013 side 5
- Diplomoppgave del 1
- Diplomoppgave del 2
- Diplomoppgave presentasjon