Agder rundt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Agder rundt er eit samarbeidsprosjekt mellom Vest-Agder fylkesbibliotek og Aust-Agder bibliotek og kulturformidling som set lokal litteratur og dei ulike biblioteka på kartet i 2012.

Biblioteket i kvar kommune har vald ut ein tekst dei ynskjer å presentere, og i 2012 reiser to kofferter, ein grøn og ein blå, rundt i Agder. I koffertane ligg dei utvalde tekstane både som vanleg, trykt bok og som e-bok. I tillegg finst nokre andre bøker om reising i dei. Ferda tok til fredag 6. januar i Tvedestrand gamle rådhus, og arrangementet var felles med Bokbyen si markering av 200-års jubileet til Knud Knudsen.

Når kofferten kjem fram til biblioteka, vil det bli sett opp ei utstilling, og dei fleste skal og ha eit arrangement i samband med dette. Planen er at dei to koffertane skal møtast på Lindesnes fyr sundag 2. desember 2012 etter å ha vitja alle dei 30 Agderkommunane.

Når kjem ein av koffertane til ein stad nære deg, og kva skjer?[rediger]

Bygland
Blå koffert kom til Bygland folkebibliotek fyrst i februar.
9. februar: Gunstein Bakke fortel om og les frå si nye bok, Maud og Aud, og Morten von Hafenbrädel fortel om om bokserien EurotouringByglandsfjord stasjon klokka 19.30. Kaffi og kaker. Gratis.
Bykle
Blå koffert kjem til Bykle folkebibliotek i overgangen mars – april, og blir påska over.
Arrangement?
Evje og Hornnes
Grøn koffert kjem til Evje og Hornnes folkebibliotek fyrst i april.
Ikkje noko arrangement.
Froland
Grøn koffert kjem sist i mars.
22. mars: Arrangement saman med Arendal.
Iveland
Grøn koffert kjem sist i august.
Arrangement?
Sirdal
Grøn koffert kjem fyrst i september.
Ikkje noko arrangement.
Valle
Grøn koffert kjem til Valle folkebibliotek sist i februar.
26. februar: Dikt- og stevkveld på Setesdalsmuseet klokka 19 i samarbeid med Valle mållag og Folkeakademiet Valle. Medverkande er Kirsten Bråten Berg og andre lokale utøvarar. Kaffe og kaker. Gratis.
Åseral
Grøn koffert kjem sist i mai.
Ikkje noko arrangement.

Eksterne lenkjer[rediger]