Bykle folkebibliotek

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykle folkebibliotek si avdeling i Bykle samfunnshus.

Bykle folkebibliotek har to avdelingar, ei i Bykle samfunnshus og ei i Hovden grendehus. Begge er kombinasjonsbibliotek, det vil seie at dei er både folkebibliotek og skulebibliotek.

Hovudbiblioteket i Bykle har ope frå klokka 14 til 19 dei tre første dagane i veka, torsdag er det ope klokka 15-17 og fredag - søndag er det stengt.

Filialen på Hovden har svært lang opningstid, frå klokka 8 til 22 dei fire første dagane i veka, fredag klokka 8 til 16.

Biblioteksjef frå hausten 2023 er Magnus Løseth Magnusson. Han overtok etter Kaia Kristine Gustavsen Tho.

I 2015 hadde Bykle folkebibliotek høgast besøkstal i landet pr. innbyggjar

Kjelder