Vallehalli

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. oktober 2017 kl. 22:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om plassering ift sentrum)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vallehalli er idrettshallen i Valle. Han ligg i tilknytning til skulesenteret i Åkreneset, litt sør for Valle sentrum. Her er handballbane, og to skiljeveggar som gjer det mogleg å dele hallen inn i tre delar. Det er tribune i hallen og garderobeanlegg. Hallen vert nytta av Valle skule, Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle og Setesdal folkehøgskule på dagtid. Ettermiddag og kveld er det mykje Valle IL som nyttar hallen.

Kjelder