Skilnad mellom versjonar av «Tveitli»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Lagt til en kategori)
s (Lenke Tveitlien)
 
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist)
Line 8: Line 8:


== Knutepunkt for felespel ==
== Knutepunkt for felespel ==
Tveitli ligg langs den gamle ferdslevegen mellom Tveit i Tovdal og [[Jordalsbø]] i [[Bygland]]. Garden var eit knutepunkt for felespelet i [[Tovdal]], saman med gardane [[Dale (Tovdal)|Dale]] og [[Austenå]]. Her var det slekter som formidla tradisjonsmusikk tilbake til 1700-talet.
Tveitli ligg langs den gamle ferdslevegen mellom Tveit i Tovdal og [[Jordalsbø]] i [[Bygland]]. Garden var eit knutepunkt for felespelet i [[Tovdal]], saman med gardane [[Dale (Tovdal)|Dale]] og [[Austenå]]. Her var det slekter som formidla tradisjonsmusikk tilbake til 1700-talet. Soga om «Fanteguten» er også knytta til Tveitli på ulike vis. Slåtten ''[[Tveitlien]]'' skal stamme herfrå.


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Torgils Hodne]], ''[[Åmli ætt og heim I, Tovdal]]'', utgjeve av Åmli kommune ved Åmli bygdeboknemnd, 1977, side 102 flg.
*[[Torgils Hodne]], ''[[Åmli ætt og heim I, Tovdal]]'', utgjeve av Åmli kommune ved Åmli bygdeboknemnd, 1977, side 102 flg.
*[[Anne Tone Aanby]], ''[[Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli]]'', utgjeve av Åmli boknemnd, 2018, side 7
*[[Anne Tone Aanby]], ''[[Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli]]'', utgjeve av Åmli boknemnd, 2018, side 7, side 86–90


== Kart ==
== Kart ==

Siste versjonen frå 28. januar 2024 kl. 18:57

Tveitli 19. mai 2018.
Setehuset i Tveitli 19. mai 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Tveitli er ein fråflytta gard (gnr. 5) heilt nord i Skjeggedal i Åmli. Staden blir i dag nytta som fritidseigedom.

Det er køyreveg til garden frå Nedre Skjeggedal. Det første stykket er bomveg, der ein kan betale 30 kroner og køyre ein dagstur. Ved Heddevatn er vegen stengt med bom. Derfrå må ein gå eller sykle dei siste kilometerane til Tveitli.

Vest for Tveitli ligg Sandsvatn, som er utspringet til Skjeggedalsåna.

Knutepunkt for felespel

Tveitli ligg langs den gamle ferdslevegen mellom Tveit i Tovdal og Jordalsbø i Bygland. Garden var eit knutepunkt for felespelet i Tovdal, saman med gardane Dale og Austenå. Her var det slekter som formidla tradisjonsmusikk tilbake til 1700-talet. Soga om «Fanteguten» er også knytta til Tveitli på ulike vis. Slåtten Tveitlien skal stamme herfrå.

Kjelder

Kart

Laster kart...